|
Julemessa |
|
siste laurdagen i november var ein stor suksess. Vi var nok ikkje størst i byen, men vi er heller ikkje største kyrkjelyden. Men både førebuingane og gjennomføringa var ei god erfaring for oss.
Førebuingane gav samhald og felleskap. Mange flittige hender var i arbeid for å lage og bake. Og vi har gjort nyttige erfaringar som skal kome til nytte neste år.
Desse handarbeida får representerer heile utvalet frå hekla duk, strikka-ting, tova-varer, broderte varer, handskorne julekrubbe-figurar, måleri, lefser, julesøtsaker og meir.
Resultatet går det også an å skrive heim om: Omsetninga var på 23.000 kroner.
Takk til alle som gjorde denne tilstelninga muleg, både julemesse-skaparane og dei som kjøpte lodd og varer. Overskotet går til misjonsprosjektet vårt med biskop Thomas og dei hardt pressa kristne i Egypt.
|